Mozilla er ikkje eit tradisjonelt programvarefirma. Vi er eit verdsomspennande samfunn som arbeider som ein samfunnsøkonomisk organisasjon for at verdsveven framleis skal vere ein delt global ressurs. Drivne av lidenskap og styrte av sosialt ansvar arbeider vi for å skape ein betre verdsvev for oss alle, både i dag og i framtida.
Våre prisvinnande programvareprodukt og teknologi basert på open kjeldekode, er tilgjengeleg utan kostnader til folk over alt, på over 40 språk.
Mozilla har hovudkontoret sitt i Mountain View, California med regionale kontor i Auckland, Beijing, Copenhagen, Paris, Tokyo og Toronto.
