Så du vil hjelpe til? Bra! Du treng ikkje å vere ein C++ guru (eller å vite kva det tyder!), og du treng ikkje å bruke mykje tid på det.
Enkle måtar å involvere seg på
- Fortel familie, vener og kollegaer om Mozilla-produkta
- Hjelp andre på meldingstavlene og brukarstøtteforuma våre
- Bli med i marknadsføringsgruppa vår og hjelp til med grasrotkampanjane våre
- Sørg for å sende inn krasjdata til utviklingsteamet vårt
- Kontakt nettstader som ikkje verkar skikkeleg med Mozilla-produkt
- Doner pengar til Mozilla-stiftinga
For dei teknisk orienterte
- Bli med i kvalitetsikringsgruppa, og rapporter inn feil og andre problem slik at dei vert retta
- Hjelp til ved å skrive eller redigere dokumentasjon for utviklarar
- Hjelp til ved å skrive dokumentasjon for sluttbrukarar
- Bidra til rikdomen i Firefox sitt økosystem ved å utvikle utvidingar
- Fiks ein feil eller bidra med kode til prosjektet
